Játtað í:
2016

Granskingarøki:
Mentan

Verkætlanarslag:
Verkætlan

Verkætlanarheiti:
Broytingar í føroyskum málføri í tvey ættarlið. Hvussu, hvussu skjótt og hví?

Játtanarnummar:
0230

Verkætlanarleiðari:
Jógvan í Lon Jacobsen

Stovnur/virki:
Føroyamálsdeildin, Fróðskaparsetur Føroya

Aðrir luttakarar:
Hjalmar P. Petersen, Helge Sandøy, Edit Bugge

Verkætlanarskeið:
01.072016-31.06.2018

Samlaður kostnaður:
1.391.795

Stuðul úr Granskingargrunninum:
887.795

Verkætlanarlýsing:
Hovudmålet for dette prosjektet er å utvikle innsikt i moderne færøyske dialektendringsprosessar og forholdet mellom samfunnsendring og språkendring. Prosjektet studerer endringar i språk og samfunn gjennom djupstudiar i sju språksamfunn. Tidsramma for datagrunnlaget er 1955–2015. Delmåla for prosjektet er: 1) å samle, digitalisere og transkribere opptak frå eldre dialektstudiar på Færøyane. 2) å samle inn nytt materiale frå sju lokalsamfunn, som vi òg har eldre opptak frå. Dette nye materialet er tredelt, med tre typar gjensidig uavhengige språklege datasett til bruk for analysen av sju færøyske språksamfunn: a) språkbruksdata - innsamla ved lydopptak, b) folkelingvistiske førestillingar om språk og dialektar - innsamla ved hjelp av intervju (kombinert med a) og c) holdningar til språk – underbevisste holdningar innsamla ved hjelp av masketestar, bevisste med spørjeskjema. Dei nye lydopptaka skal også digitaliserast og transkriberast. 3) å lage analysar av språkendringar i verkeleg tid med tanke på endringsgrad, endringstypar, endringsretning og sosiale og samfunnsmessige vilkår for endringane. Hovudfinansieringa til prosjektet vil kome frå andre kjelder, og vi søkjer her berre om midlar til dei fyrste prosjektfasane: 1) innsamling og digitalisering av eldre talemålsmateriale frå Færøyane, 2) innsamling av nytt talemålsmateriale og nytt materiale som kan gje innsikt i holdningar til og førestillingar om språk i sju færøyske lokalsamfunn.

Støða:
Virkin



<< Back
Administration     English